Tur/retur Sognsvann - Hakadal
Sidan eg måtte vente ein time eller fire før vi kunne dra frå Oslo, såg eg meg ut ein tur frå Sognsvann til Hakadal og tilbake via ulike avstikkarar. Dersom man ikkje er kjent kan det være lurt å ha med kart, no er eg berre delvis kjent (og det hadde nok vore lurt å ha med seg kart då og....)
Etter ein tidlegare tur til Kikut, såg eg at det gikk ann å sykle frå Kikut til Hakadal. Difor la eg no opp til denne ruta. Været var flott og tid hadde eg mykje av, så det var berre å bunkre opp med mat og drikke og dra avgårde.
Eg hadde tidlegare sykla til Kikut, så da visste eg at eg måtte ta av 800 meter før Ullevålseter og sykle først langs Skjersjøen, deretter langs Bjørnsjøen. Ved omlag 3 km igjen til Kikut tok eg av mot høgre og sykla mot Hakadal Verk. Det er omlag 29 km frå Sognsvann til Hakadal, på turen ned til Hakdal oppdaga eg at det gikk ann å sykle mot Movann - noko som sa meg eg her kunne eg sykle ei rundrute.
På veg opp frå Hakdal, sykla eg då mot Movann via Ørfiske. Så kom vi til det punktet der eg burde hatt med meg kart...Då eg ankom Movann stasjon - visste eg ikkje korleis eg skulle komme meg vidare, men heldigvis kom det nokon som var lokalkjente... Dei kunne fortelle meg at eg måtte sykle ein god kilometer tilbake for så å ta av mot Tømte - og då var vi tilbake på sporet igjen. No var det Ullevålseter, kaffe og vafler som var målet - og det var godt!!!!! Ein liten sjekk på kor mykje tid som var igjen, blei det konkludert med at her var det tid for ein liten bonustur via Tryvannstua og Frognerseteren - før eg var tilbake ved Sognsvann.
På turen såg eg hoggorm, Realcom som hadde parkert vel godt ut til sides, kjentfolk, men først og fremst mykje herleg natur og:

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar