Samling i Gloppen, dette gjev jo ein god moglegskap til å sjå halve fylket (172 km) på diagonalen - og det frå sykkelsete - jess!!! Været var nydeleg med sol og vind frå sør-aust. Klokka åtte var vi klare til å dra, både Slapp og Juristen.
Turen starta stort sett bra, og i underkant av timen var vi på Byrkjelo og dens gulost-produksjon.
Men det var ikkje tid for noko stopp, ingen pause enno. Turen gikk vidare oppover Våtedalen til Skei, før vi tok fatt på sørsida av Jølstravatnet. Her sykla vi forbi Astruptunet, med slik omgjevnader er det ikkje rart han fant inspirasjon...
Turen starta stort sett bra, og i underkant av timen var vi på Byrkjelo og dens gulost-produksjon.
Men det var ikkje tid for noko stopp, ingen pause enno. Turen gikk vidare oppover Våtedalen til Skei, før vi tok fatt på sørsida av Jølstravatnet. Her sykla vi forbi Astruptunet, med slik omgjevnader er det ikkje rart han fant inspirasjon...
Jaja - whatever - no var det nok natur for ei lita stund - Jølstraholmen nærma seg. Og fôr er i fokus, Vaffler (med stor V) - nysteikte - ikkje dassa sveitte - men NYSTEIKTE...
Det var ein grei start etter Jølstraholmen - det var berre å trille ned til Moskog. Og det som var fint med denne turen var at det berre er stykke frå Vassenden til Moskog det er irriterande mykje bilar i vegen (dei forstyrrar ein del for syklistane - men ok...). Så var det å svinge av ved Moskog - og inn på ei strekning ein ikkje hadde vore på sidan barndommen. Kanskje nettopp difor var vi ikkje klar over at det var to fjelloverganger - istaden for ein. Sånn er det, vi finn alltid ha noko å klage over - som f.eks. motvind- på filmsnutt under er vi ved Holsavatnet (og det er ikkje medvind den viser):
Rørvikfjellet sto for tur, grei, jamn og fin stigning. Her nådde altmuligmannen oss igjen. Han var sjåfør av følgjebil, motivator og ernæringekspert. Viksdalen neste... Deretter - endeleg oppstiging til Gaularfjellet. Litt meir variert oppstiging, og det er bra. Her tok vi oss ein liten pause ved Likholefossen, før vi tok siste høgdemeterane opp til Gaularfjellet (748 moh.). No var Slapp nøgd, men Juristen og Motivatoren var klar på å trille til Dragsvik for deretter å trille til Leikanger, bra va da. 172 km unnagjort.
Litt data frå turen:
Litt data frå turen:
Og ein passande premie var:




Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar