
Da var sesongens store mål endeleg her - Birkebeineren 2012.
Ivar Basso kom nordfrå etter opphald på Røros, medan Frank Slapp og støtteapparatet vestfrå i bubilen. Ein glimrande innretning til sykkelritt.
Når vi slo av tenninga på Rena - opna alle himmelens sluser seg, ville det nok ein gong bli ein våt Birk??
Førebuing
Men heldigvis, regnværet gav seg og vi var klare for endeleg å sykle Birken i fint vær. Første gong Frank & Ivar skulle få oppleve dette.Førebuinga er mange, sekk skal pakkast, riktige klær finnast fram, pumpe luft i dekk, finne fram mat, sjekke at all elektronikk fungerer og ikkje minst varme opp... Men so skjer det igjen... Men denne gang med motsatt fortegn. Ivar har alt på stell, men Frank surrar fælt!!! På veg til å varme opp, finn han ut - pulsklokke fungerer ikkje, pumpe luft i dekk gløymt - får berre drite i oppvarming. Fekk ordna opp i dette, på veg til start - gløymt briller, søren og. Her er det berre å hente briller, for det skal gå fort!
Rittet
foto: Ingemann
Ivar var første mann ut kl 09.00, ved godt mot før start. Men kroppen gir ikkje den forventa respons, kva skjer med jernmannen? Det blir fort lange kilometer når det er slik. Men når ein syklar inn på 3:49 på ein dårleg dag - kva vil då ein god dag gi??? Kan truleg ikkje vente med å ta revansje, men må nok vente til 31. august 2013 for å få gjort det
foto: Ingemann
Så har klokka blitt 10:00 og Frank stiller til start, også han med eit modig smil... Målet før start er 04:20. Det starta noko trått i starten og opp til Skramstad og ligg ann til eit skjema med sluttid 04.30. Krefter og energi kjem sigande utover i løpet og det går betre og betre. Og frå Kvartstad byrjar det gå fort, snodig følelse... (I einsom majestet på birkentv her, link under). Ved Elgåsen var det cola å få hjå CK Nittedal v/Merete - nok ein boost. Det gikk som ei kule inn mot mål - 04:03 !!! 17 minutt foran målsettinga og pers med 45 minutt. Dette var nok ein unik tur...
Hurra for oss og hurra for Birken!!! Godt jobba!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar