Meldinga om flotte forhold gjer at vi får prøve ein runde til :) Frank Slapp har ikkje særleg forventning til eigen form, men slenger seg med... Ivar Basso hadde allereie meldt seg på og var klar for årets andre ritt.
Den gamle travar'n fekk seg ein vask før start...
Den gamle travar'n fekk seg ein vask før start...
Hmmm, den gamle travaren fekk seg ein vask - men burde kanskje vore smurt "litt" meir - då Frank Slapp fekk problem med fremre gir i første bakke og heile driten kilte seg. Men ein liten stopp og fix i ro og mak - så oppførte Scott'n seg fint resten av turen. Ivar han forsvant og blei ikkje sett igjen før seinare på dagen. Bilde under seier det meste...
Ivar Basso -vil du være med så heng på
Må innrømme at forholda var flotte for sykling, sol og fint vær med innslag at vind, som gjer at det ikkje blir for varmt. Motvind ut og same medvinden heimatt (godt det ikkje var motsatt...). No fortel ikkje Ivar så mykje om sine mål for dagen - men han virka godt nøgd når vi traff han etter løpet. I år kom han seg ut i rett pulje (!) og persa med omlag 5 minutter (2:14). Frank Slapp hadde sitt første ritt for året - noko som er spennande nok i seg sjølv - blei med i siste liten og hadde eit mål om å klare 2:30. La seg i toget ut frå start (før problemet med kjede), men fant nye lokaltog etter den tid :-). Då gjeld det å være med å trekke - eller?
Ut frå start
Kom i mål på 2:29 - er det bra eller er formen berre halden vedlike? - ifjor var tiden 2:28. Løypa var i år litt annaleis enn i fjor - noko meir terreng, men i år var det tørrare. Kven veit... Er løypa lik til neste år - så kan det samanliknast, men okkesom - godt å få det første rittet i beina. MORO!
Så til slutt:
I år holdt vi 40 km/t over Bøflaten - og jaddi var det ikkje fartskontroll der i år og - men dei fekk ikkje 5 flate øre av oss... Og som i fjor Godt jobba på Vaset!


Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar