lørdag 21. juli 2012

Valdresrittet

Då var vi klare for nytt ritt, denne gangen MTB-rittet Valdresrittet. Eit uprøvd ritt for SKS-Kaizen. To brødrer skal i elden, men akk kor forskjellig personlegheit. Den eine ryddig og strukturert (bagen var pakka to dagar før, møter tidleg opp til start), den andre kreativ og ein smule svimete (som da ved start oppdager - UPS! Klokka er ikkje lada...). Dette får sjølvsagt konskvenser for data kring rittet - men pyttsann...



Startnummera er på plass. Ivar Basso har startnummer 370, medan Frank Slapp har fått nummeret 396. Sykkel er rein og nysmurt og klar for 54 km. Så skjer det igjen.... IVAR BASSO kom deg til start!!! Men neida han står igjen, har surra seg inn i feil klasse og startar 5 minutter etter opphavleg starttid (og tidtakinga starta når den skulle)  


Dette betyr at det ikkje blir noko samkøyring ut frå start (kanskje like greitt :-)). Det er noko smalt ut frå start, så dei første 600 meterane er det berre å ta det med ro. Etter det kjem du ut på ein grusveg og der blir du i omlag 12 km. Etter dette er det sti/kjerreveg nokre kilometer, deler av dette partiet minnar om siste del opp mot Lingersete medan andre områder var meir gjørmete/blaute. Så var det ut på grusveg igjen. Og slik veksla det - totalt 37 km grusveg og 17 km sti/kjerreveg. Etter omlag 30 km tok Ivar Basso igjen Frank Slapp (og dei 5 miuttane var spist opp). Vi holdt da følge nokre kilometer før Ivar sa takk for seg (evt. Frank Slapp som sa takk for meg...)
Under er løypeprofil - henta fra Runkeeper: 

Ved målgang blir vi klokka inn til:
  • Ivar Basso: 2:22:10*)
  • Frank Slapp: 2:28:03
*) 2:22:10 blir då diverre Ivar's offisielle tid, men den eigentlege køyretida er: 2:17:10....

Det var stor overrasking kring Frank Slapp's formutvikling. Var det dei 6-7 vårrullane dagen før løpet, eller mykje god trening? Vi satsar på det siste. Låg i allefall på grensa heile vegen, og data etter målgang viste ein gjennomsnittspuls på 185!!!


Og slik såg sykkelen ut ved målgang:

På veg heim diskuterte vi ulike element ved løpet. Det vi ikkje var klar over, var at det satt opp ein midlertidig avgiftsstasjon på Bøflaten ved Vang. Hadde vi vist dette, hadde vi nok køyrt om Hemsedal. Dette ser vi kan bli eit tema på SKS_Kaizen's årsmøte.

Men alt i alt må rittet seiast å være så pass flott - at det bør kunne leggjast ned i sykkelklubbens plukkliste for ritt.

GOD JOBBA PÅ VASET!!!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar