onsdag 17. juli 2013

Valdersrittet - 2013

Meldinga om flotte forhold gjer at vi får prøve ein runde til :) Frank Slapp har ikkje særleg forventning til eigen form, men slenger seg med... Ivar Basso hadde allereie meldt seg på og var klar for årets andre ritt.
Den gamle travar'n fekk seg ein vask før start... 


Traveren er vaska


Hmmm, den gamle travaren fekk seg ein vask - men burde kanskje vore smurt "litt" meir - då Frank Slapp fekk problem med fremre gir i første bakke og heile driten kilte seg. Men ein liten stopp og fix i ro og mak - så oppførte Scott'n seg fint resten av turen. Ivar han forsvant og blei ikkje sett igjen før seinare på dagen. Bilde under seier det meste...

Ivar Basso -vil du være med så heng på

Må innrømme at forholda var flotte for sykling, sol og fint vær med innslag at vind, som gjer at det ikkje blir for varmt. Motvind ut og same medvinden heimatt (godt det ikkje var motsatt...). No fortel ikkje Ivar så mykje om sine mål for dagen - men han virka godt nøgd når vi traff han etter løpet. I år kom han seg ut i rett pulje (!) og persa med omlag 5 minutter (2:14). Frank Slapp hadde sitt første ritt for året - noko som er spennande nok i seg sjølv - blei med i siste liten og hadde eit mål om å klare 2:30. La seg i toget ut frå start (før problemet med kjede), men fant nye lokaltog etter den tid :-). Då gjeld det å være med å trekke - eller? 

Ut frå start

Kom i mål på 2:29 - er det bra eller er formen berre halden vedlike? - ifjor var tiden 2:28. Løypa var i år litt annaleis enn i fjor - noko meir terreng, men i år var det tørrare. Kven veit... Er løypa lik til neste år - så kan det samanliknast, men okkesom - godt å få det første rittet i beina. MORO!

Så til slutt:
I år holdt vi 40 km/t over Bøflaten - og jaddi var det ikkje fartskontroll der i år og - men dei fekk ikkje 5 flate øre av oss... Og som i fjor Godt jobba på Vaset!  

søndag 2. juni 2013

Ein amtstur

Samling i Gloppen, dette gjev jo ein god moglegskap til å sjå halve fylket (172 km) på diagonalen - og det frå sykkelsete - jess!!! Været var nydeleg med sol og vind frå sør-aust. Klokka åtte var vi klare til å dra, både Slapp og Juristen.

Turen starta stort sett bra, og i underkant av timen var vi på Byrkjelo  og dens gulost-produksjon.


Men det var ikkje tid for noko stopp, ingen pause enno. Turen gikk vidare oppover Våtedalen til Skei, før vi tok fatt på sørsida av Jølstravatnet. Her sykla vi forbi Astruptunet, med slik omgjevnader er det ikkje rart han fant inspirasjon...

Jaja - whatever - no var det nok natur for ei lita stund - Jølstraholmen nærma seg. Og fôr er i fokus, Vaffler (med stor V) - nysteikte - ikkje dassa sveitte - men NYSTEIKTE...


Det var ein grei start etter Jølstraholmen - det var berre å trille ned til Moskog. Og det som var fint med denne turen var at det berre er stykke frå Vassenden til Moskog det er irriterande mykje bilar i vegen (dei forstyrrar ein del for syklistane - men ok...). Så var det å svinge av ved Moskog - og inn på ei strekning ein ikkje hadde vore på sidan barndommen. Kanskje nettopp difor var vi ikkje klar over at det var to fjelloverganger - istaden for ein. Sånn er det, vi finn alltid ha noko å klage over - som f.eks. motvind- på filmsnutt under er vi ved Holsavatnet (og det er ikkje medvind den viser): 


Rørvikfjellet sto for tur, grei, jamn og fin stigning. Her nådde altmuligmannen oss igjen. Han var sjåfør av  følgjebil, motivator og ernæringekspert. Viksdalen neste... Deretter - endeleg oppstiging til Gaularfjellet. Litt meir variert oppstiging, og det er bra. Her tok vi oss ein liten pause ved Likholefossen, før vi tok siste høgdemeterane opp til Gaularfjellet (748 moh.). No var Slapp nøgd, men Juristen og Motivatoren var klar på å trille til Dragsvik for deretter å trille til Leikanger, bra va da. 172 km unnagjort.
Litt data frå turen:


Og ein passande premie var:


søndag 10. mars 2013

Kosthold gutter... Chapati

Her er kosthold - som sikkert er i samsvar med nokon...
Chapati - knallgodt - Indisk brødbakst nan-brød er herved satt på pause... Må prøvast